I januar '10 drar vi til Vest-Etiopia for å jobbe hovedsaklig med landbruks-, miljø- og kvinneprosjekter. Vi reiser ut for Det Norske Misjonsselskap og skal jobbe for Mekane Yesus-kirken sin utviklingsorganisasjon (DASSC). Følg oss på bloggen vår!



tirsdag 3. august 2010

Vi har fått ny adresse!

På grunn av internettsensuren i dette landet, gir vi opp denne bloggadressa, og prøver oss på en ny. Følg oss videre på: http://siljeogaslak.blogg.no/

tirsdag 27. juli 2010

Sukkertoppen

På laurdag var det duka for fjelltur med Thorleif, vår kjære lege frå Jinka. Klare for tur hadde me avreise frå Addis 05.30 for å koma oss ut av byen før trafikkaoset starta, og ein liten time seinare slang me sekken på ryggen med Sukkertoppen som mål, 3300 m.o.h. Det vil seie 1100 høgdemeter opp frå der me parkerte bilen, med andre ord solid høgdetrening. Med yr og småregn store delar av turen blei det dessutan eit realt påskeføre, med klabbar under skoa av søyle, ikkje kram sno... Alle som har opplevd søyle i regntida veit kor glatt det blir, så det blei ein del knall og fall både opp og ned, noko som gjorde turen endå festlegare. Ein særdeles vellukka tur, nydeleg å koma seg ut og la kroppen få køyrt seg. Takk for turen, Thorleif!

onsdag 21. juli 2010

Attende i Addis' gater

I mai skreiv me at me kom til Norge og hakka tenner, no går me sanneleg rundt i Addis og hakkar minst like mykje tenner :-) Her er me midt i regntida og har ikkje hatt mange timar med sol sidan me kom for halvannen veke sidan. Synd at ullundertøyet vårt ligg pakka ned i rottetette tønner i Gimbi, for det hadde vore godt å hatt her, tru det eller ei. Kanskje ikkje så rart likevel, med tanke på at huset me bur i no ligg nesten like høgt over havet som Galdhøpiggen... Og til forskjell frå Norge er det gjerne kaldare inne enn ute her pga kalde murhus utan oppvarming.

Men det er egentleg ikkje lov til å klage. Her i Addis' gater er det mange som ikkje har eit tak å sitja under når troperegnet høljar ned eller ei varm seng å krype oppi når kvelden kjem. Det er hjarteskjerande å sjå alle som ligg på midtrabattar og i grøftekantar, og me skulle bare ønskje me hadde eit stort hus fullt av varm mat til dei alle. Utan eit hjarta av stein er det umogeleg å ikkje bli slått over kor urettferdig verda er, og kor griseflaks det er å tilfeldigvis bli fødd i eit rikt land som Norge der me lever som grevar uansett korleis me snur og vender på det. Beklagar folkens, men når eg går på gatene her kan eg ikkje la vera å la meg provosere av store delar av "fattigdoms"-problematikken i Norge.

Me er alt i ferd med å koma inn att i fast gjenge etter eit par glimrande månader i Norge med bra kurs, gode venner og kjær familie. Borte bra, men heime best er det noko som heiter. Akkurat no er det vanskeleg å definere kva som er heime og borte, det kjem liksom an på dagsformen og tidsperspektiv. Det er iallefall godt å vera attende i Etiopia, og me kjenner at no er det her me skal vera. Me er klare til ny innsats og håpar arbeidet me er med i kan gjera livet betre for menneske i dette landet. Fortsatt god sommar i nord!

Ingen tvil om i kva retning Mekka ligg.

Sjeldant syn i Sinsenkrysset.

Maissesong, både rå og ferdiggrilla på annankvart gatehjørne.

Silje går for 5 om dagen.

Fin fruktdisk og ikkje akkurat Bendit-prisar.

lørdag 15. mai 2010

Se Norges blomsterdal!


Vel hjemme i Norge hakker vi tenner og går rundt i vinterklær mens andre priser våren. Vi har hatt en herlig start på tida hjemme med familie og venner, orreleik og en uke med glimrende kurs. En av de store bonusene med å bo i utlandet er at man setter så pris på å komme hjem. Alle ting blir liksom badet i et rosa slør: Varm dusj, grov skive med brunost og en skautur alene. Alt blir ekstra stas!

En annen fordel med å være hjemme er kjapp nettilgang og muligheten til å legge ut litt bilder fra de siste månedene i Etiopia. Her har dere en liten samling.

Da gjenstår det bare å ønske alle en god 17.mai og en fin sommer! Aktiviteten på bloggen kommer nok til å være noe laber fremover, men vi kommer sterke tilbake når vi kommer til Etiopia i midten av juli.

Kommentarer til bildene
Bilde 1: To av våre nærmeste kollegaer Tadelech (t.v.) og Letu (t.h.), og så meg (Silje) i midten da.
Bilde 2: Solnedgang over en landsby i nærheten av Gimbi.
Bilde 3: Gribber på fest.
Bilde 4: Noen er i alle fall glade i oss...
Bilde 5: Vakkert Etiopisk fjellandskap.
Bilde 6: En bonde i Bikelal viser erosjonsgrøften han har gravd. Disse brukes både til å holde på vann, bekjempe teremitter og hindre erosjon.


                

onsdag 28. april 2010

Overbuljongterningpakkmesterassistent

Dette er den smekre tittelen på eit av Øystein Sundes album, og har forsåvidt ingenting med Etiopia å gjera. Assosiasjonen fekk eg då eg las overskrifta på saksdokumentet til vårt fyrste møte i styringsgruppa til programmet me jobbar i. Der stod følgende at lese: "Ethiopian Evangelical Church Mekane Yesus Development And Social Service Commission Western Ethiopia Integrated Environment And Food Security Development Program Coordination Unit Management Committee". Kort og godt. Og eg som i mitt lettsinn har hatt for vane å kalle det heile for PCU. Heretter skal eg halde meg til den offisielle forkortinga: EECMY-DASSC WEIEFSD PCU MC. Så får det ikkje hjelpe om eg får assosiasjonar til hakkespettforkortingane i Donald Duck og vennene hans.

Ulike kulturar er moro, og ein tur på Mapping Authority i Addis kunne vore ført opp som ein av byens store attraksjonar. Som den naive nordmann eg er, hadde eg forestilt meg ein disk der eg kunne plukke ut eit kart, betale og gå ut. Etioparane er tydelegvis ikkje av same oppfatning. Slik føregjekk seansen:
1. To uniformerte vaktmenn helsar oss velkommen, føretar kroppsvisitasjon og slepp oss inn.
2. Vel inne tar Dame 1 mot oss, fører oss inn i neste rom og introduserer oss for ein annan herremann.
3. Denne herremannen tar oss med inn på eit nytt rom, blar opp i ein kartkatalog og viser oss kartet over Gimbi. Ja takk, seier Silje og byrjar å rulle saman kartet. Nei, du, dette er bare ei prøve. Dermed blir me ført inn på neste rom.
4. Her må me setja oss ned medan Dame 2 bak skrivebordet skriv ei kvittering for handelen vår.
5. Silje blir deretter ført inn på eit nytt kontor for betaling, her betalar ho sine Birr til Dame 3 og kjem tilbake med kvitteringa til Dame 2.
6. Dame 2 signerer kvitteringa. I mellomtida har me fått kartet, og kan difor takke for handelen.
7. Ute i gangen vinkar me høfleg farvel til dame 1.
8. Ved utgangen må me vise kvittering og kart til Vaktmann 1, dermed er med gjennom nålauget.
9. Ute i friluft att, med kartet under armen.
Det er ein kunst å få arbeidet til å vara.

Seint i morgon kveld set me oss på flyet til Norge, det er tid for ein del veker på kurs i Stavanger og deretter nokre veker ferie. På mange måtar er det litt rart å skulle reise heim att til Norge etter så kort tid, men av praktiske årsakar måtte det bli slik. Me er iallefall takknemlege for å kunne sjå att familie og vener, og i juli er me attende i Etiopia, forhåpentlegvis utkvilte og fulle av pågangsmot!

søndag 25. april 2010

I sivilisasjonen att

Papirtørking etter vannlekkasje


Verden er urettferdig
                                                                            

Kaffiplantene tørker i Beghi


Alternativ tørkesnor


Som ved eit under kom me no inn på bloggen for fyrste gong på eit par månadar, så no gjeld det å smi mens nettsensuren har ein svak augneblink. Me må bare beklage at det ikkje blir så hyppige innlegg og at me ikkje får svara på kommentarane dykkar, men som som sagt før har myndighetane her eit stramt grep om ytringsfridomen og alt som skjer på nettet, spesielt no før det føreståande valet 15. mai. For vår del tyder det at me ikkje kjem inn på bloggen, me kan ikkje eingong sende link til bloggen i e-postar, chat o.l.

Me kom attende til Addis seint på fredags kveld etter ein lang dags ferd frå Gimbi til hovudstaden. Då me tok ei pause i Ijaji (halvvegs mellom Addis og Gimbi) for å treffe nokre prosjektfolk der, fekk me sjå at det eine bakhjulet var fullt av olje. Det viste seg då at bakakselen var defekt, og at me ikkje kunne køyre dei siste 20 mila som stod att. Dermed var det bare å parkere bilen på synodesenteret der, demontere delane for reparasjon i Addis og takke ja til tilbodet frå utruleg rause prosjektmedarbeidarar om å køyre oss til hovudstaden med ein prosjektbil. Me var utruleg glade for at det gjekk som det gjekk, og at ikkje det same hende forrige helg då me var i bushen heilt ved grensa til Sudan...

Dei siste to vekene har me stort sett jobba intenst med budsjettrevisjon og planar for neste år. Prosjektleiarar og rekneskapsførarar frå alle dei fire landsbyutivklingsprosjekta var samla i Gimbi, der Dr Tadelech, Silje og eg i PCU-administrasjonen arrangerte workshop og hjalp dei i hamn med budsjettarbeidet. Lange dagar og hektisk jobbing opp mot deadline, men me kom godt i mål. Mange dyktige prosjektmedarbeidarar rundt om, dei treng bare nokre ekstra puff bak når det gjeld å overhalde norske tidsfristar....

Etter budsjettet var i mål, drog me til Beghi-Gidami for å sjå på prosjektet som blir drive der. Dette området ligg heilt på grensa til Sudan, og det er utruleg moro å få sett ulike delar av dette flotte landet. Mykje fin natur, og trivelege folk overalt. Prosjektet såg ut til å fungere bra, me hadde dessverre ikkje tid til å sjå meir enn nokre glimt. Det som likevel skilde seg ut her som i dei andre prosjekta, er kvinnearbeidet. Saving&credit groups gjev kvinnene makt over eigne ressursar og pengar, og endrar tydeleg deira rolle i heimen og i samfunnet. Heia Afrikas kvinner, dei er det tak i! Prosjektets største problem for tida var den ekstra langvarige tørka som området opplever no. Bekkar og elver hadde tørka inn, noko som m.a. hadde ført til at dei fleste av plantene på den eine planteskulen dei dreiv hadde visna. Me får bed om at regntida snart melder sin ankomst.

I Gimbi er me no relativt godt installert i huset vårt. Det tekniske er fortsatt ikkje i orden, men me får gyve laus med friskt mot når me kjem attende etter Norgesopphaldet vårt i sommar. Det kjipaste me opplevde var nok den natta me vakna av lyden av vatn som spruta, og det viste seg at det fossa vatn ut frå doen vår (som forøvrig aldri har fungert...).  I sin visdom har nokon anlagt badegolvet 20 cm høgare enn resten av huset, utan sluk. Dermed rann alt vatnet inn i stogu, og vips så var to pc-vesker, masse dokument, bøker og andre saker og ting kliss-klass. Pc'ane gjekk det heldigvis bra med, men me bruka eit par timar på å leggje alle ark og bøker utover heile huset til tørk. Flaks at me hadde stengt av vatnet då me var i Addis forrige gong, dette hende fyrste natta etter at me kom attende. Dessutan slit me med ein delegasjon særdeles pågåande rotter som det ikkje nyttar å irettesetja i ein faderleg eller moderleg tone. Me får sjå om solide rottefeller frå Norge kan overtale dei til å la oss vera i fred, men antakeleg må me i tillegg gjera ein solid innsats for å tette att mest mogleg av sprekkar og hol i veggane. Huset er visst kjent for sine store rotter i vegger og tak, så truleg må me finne oss i å ha gjester som krafsar og spring om nettane. Då er det ein god trøyst å ha ein hage full av avokado og mango, og ein veranda der me kan sitja i tropenettene å sjå på stjernene og høyre på alle Afrikas fantastiske lydar:-)

P.s: Forbetra omnar er eit element i alle landsbyutviklingsprosjekta våre. Fordelar med desse er m.a. mindre røyk i rommet, mindre vedforbruk, betre arbeidsstilling og mindre brannskadar. Legg ved ein link til ein biletserie på BBC som handlar om tilsvarande omnar i Kongo: http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/8580967.stm.

I min fars fotspor

Det er ikkje alt ein skulle ta etter far sin. Far min var misjonær i Kongo, og mykje av eventyra mine stammar anten frå åra med han og familien der eller fabulering i etterkant om alt dette landet hadde å by på. Min kjære far gjorde òg mykje godt der, men akkurat det eg gjorde etter han i natt kunne eg nok hatt ugjort.

Denne aprilnatta 2010 i Vest-Etiopia er det eg som er misjonær. Misjonærlivet byr i sanning på meir enn salmesong og tropehjelm, og etter forrige feltreise har det bydd på helsemessige uregelmessighetar. Silje har alt vore dårleg i fleire dagar, medan eg tenkte at denne står eg nok over. Så feil kan ein ta. Ikkje veit eg kva me har fått i oss av fant og utøy, men i ettermiddag kom kvalmen kastande over meg og sidan det har eg legje urøyrleg på sofaen for ikkje å kaste opp. Ettermiddag blei til kveld, og kvil blei til nattesøvn. Stabilt ryggleie på madrassa på golvet, alle andre positurar medførde overhangande fare for mat i retur.

Så kom den elendige rotta. Det høyrdest ut som ein middels stor St. Bernhard var i sving på naborommet kjøkkenet, og då noko singla i golvet var det tid for husbondens handling. Ute på kjøkkenet såg eg bare snurten til rotta i det ho forsvann inn i holet sitt, akkurat som i ein Tom&Jerry-film. Attende låg ein kjøkkenvisp halvvegs inne i opninga. Eg fekk skalka att kjøkkendøra på ny, sett matavfallsbøtta ut på verandaen og gjekk for å leggje meg då kvalmen kom over meg med nye krumspring. I min visdom tenkte eg at det beste må vel vera å stikke ein finger i halsen å få ut noko av dette som lagar krøll. Som tenkt, så gjort. Eg listar meg ut på verandaen, og i det eg skal utføre ei minimal kraftanstrenging og lyfte opp avfallsbøtta skjer det katastrofale. Eg bæsjar på meg.

Ikkje har eg opplevd dette sidan barndomen i Kongo, men den karakteristiske kjensla av væske langs låret er ikkje til å ta feil av. Den same kjensla som far min måtte ha hatt den dagen i 1985 då han ikkje rakk inn på misjonens hovudkontor i Bukavu før den krittkvite misjonærbuksa hans ikkje lenger var så kvit. Eg set umiddelbart frå meg bøtta, og tuslar lettare anspent gjennom hagen og ned til utedassen. På huk over eit hol i Afrikas røde jord tar eg min hevn. Eg har ikkje jobba på gamleheim og kan difor ikkje skalaen som blir nytta for å skildre avføringas beskaffenhet, men såpass skjønar eg at i mitt tilfelle må eg befinne meg på ein av skalaens ytterpunkt.

Slukøyra ruslar eg opp att til verandaen med shortsen i handa. Hadde det ikkje vore for mine etiopiske naboar vegg i vegg, hadde eg valt Adams drakt på min retur under tropehimmelen. Nokre meter lenger borte i hagen blir eg ståande krumbøygd under eit tre medan resten av mageinnhaldet kjem ut den øvre nødutgangen, og triumfferda mi er komplett. Då har eg iallefall gjort det eg hadde sett meg føre. Eg innser at det er vel optimistisk å ta ein dusj allereie, dessutan er det ikkje vatn anna enn i tønna. Dermed blir eg sitjande på verandakanten og glo, kun avbrote av målbevisste utferder til holet mitt nede i hagen. Det blei igrunn ei fin stund der eg sat og dingla med beina på verandaen, og etterkvart kjem også Silje ut og set seg ned for å snakke om den forunderlege magen. Utifrå det ho skildrar skjønar eg at heller ikkje damene alltid luktar rosa blomar, og at dei òg kan erfare at det som var meint som ein liten fjert ut i vêret kan gjeva eit heilt anna og meir konkret utfall.

No sit eg på ei avis på golvet i tropenatta og rablar ned ein misjonærs memoarar. I morgo skal eg kjøpe rottefelle og vaske underbuksa mi.

onsdag 7. april 2010

Fjernundervisning

TV-pastor Egil Svartdahl. Eg kan ikkje heilt setja ord på kva det er med den mannen, men for min del er det ingen tvil om at han må ha gudgjevne evner til å kommunisere evangeliet. Gong på gong går talene hans så sterkt inn på meg at tårene kjem der eg vaskar opp eller sit i sofaen medan eg høyrer på nedlasta taler på pc'en.

I påska har eg høyrt på "Påskevandring 2006". For ein fantastisk guiding gjennom påskeevangeliet! Påska er over for i år, men det er fortsatt ikkje for seint å laste ned ei påskevandring eller anna undervisning til pc'en din. Skru opp lyden og du har ei gudsteneste tilgjengeleg til ei kvar tid, om du så skulle vera midt i bushen i Afrika!

Egil&co kan lastast ned frå www.rexmedia.no. Du må riktignok registrere deg og betala nokre hundre kroner, men det er det jammen verd! (Det var dagens reklame i ein elles reklamefri blogg:-) )

lørdag 3. april 2010

Påskelam og klisterføre i Addis Abeba


Idag vakna eg til lyden av piskeslag i gata. Det er langfredag, og det fyrste som slo meg var at her er det nok ein påsketradisjon eg ikkje har sett før. Det var det forsåvidt, men heldigvis ikkje av den typen eg frykta. Lyden eg høyrde kom frå pisken til sauegjetarane, og overalt i hovudstaden er det idag store og små saueflokkar som blir drivne rundt for at byens innbyggjarar skal få kjøpt seg ein sau til festmåltidet på påskedag. Nesten som isbilen i Norge, men atskillig meir høgtideleg. Her er det stor fest for alle som ikkje har ete kjøtt sidan fastetida starta. Påskelammet skal feirast.

Sjølv om me er nesten like høgt over havet som Galdhøpiggen, er det dårleg klisterføre i Addis. Me kom hit i går, og overalt langs vegane hit var det fullt av sauer, geiter og hanar til sals. Inni fullstappa bilar og på toppen av høgt lasta takstativ flaksa hanane, og sauer og geiter stod på toppen av lastebilar og på fanget til passasjerane bakpå pick-up'ane. Herleg fritt for eit kvart EU-direktiv, og korkje mattilsyn, biltilsyn eller anna tilsyn blandar seg. Eit og anna tilsyn for dyrevelferd hadde likevel vore på sin plass...

Me har hatt to flotte veker i Gimbi. Huset vårt er riktignok ikkje heilt på stell endå, og vatn har me bare hatt to halve dagar sidan me flytta inn. Livet er likevel utruleg fint, og nok ein gong får me stadfesta at det ikkje er det materielle som gjev livsglede. Fin natur, gode menneske og meiningsfull kvardag veg til gagns opp for det me måtte sakne av norsk standard. Jobbmessig har me hatt hendane fulle av budsjettarbeid, revisjon og søknadsrådgjeving, men det er godt å vera i gang med den delen av arbeidet òg. Mange trivelege kollegaer rundt oss, og den etiopiske gjestfriheten er stor!

I tillegg til prosjektadministrasjon har me òg fått sett to av dei fire integrerte landsbytutviklingsprosjekta me jobbar inn mot. Forrige veke hadde me ein dagstur til Bikilal, eit prosjektområde som ligg på landsbygda utanfor Gimbi. Denne veka hadde me tre dagar til Nonno-Benja. Dette området ligg eit par timars køyring frå Ijaji (når det er gode vegforhold), og Ijaji ligg omtrent midt mellom Gimbi og Addis langs hovudvegen. Prosjektstaben her er ein gjeng med gladfolk, og saman har me ete injerra og wot til me fekk mellomgolvet i halsen, ledd ein heil haug saman og ikkje minst har kvitingane fått stotra seg fram på vårt nye språk til allmenn forlystelse. Veldig interessant og spennande er det òg å sjå resultatet av arbeidet som blir gjort, anten det gjeld landbruk, helse eller mikrokreditt for kvinner. Smilet frå mange av bøndene me møtte fortel meir enn nokon prosjektrapport, og ein hadde til og med fått fortenestemedalje frå statsministeren for sitt eksemplariske og nytenkjande jordbruk. Og når ein heil landsby som har fått reint vatn gjennom prosjektet klappar for Norge og rettar hendene ut mot oss idet dei velsignar oss og fedrelandet vårt, skal ein vera hardhjerta for ikkje å la seg bli røyrt.

Ha ei velsigna påske alle saman, og som vaktmannen vår sa idag: «This is a day of rememberance.»



Påkøyrd slange på veg til Gimbi.
5-6 m lang og 15 cm i diameter


 Må innrømme at me ikkje var heilt blide då dei
 lokale handverkarane hadde montert splitter ny
dusj og resultatet såg slik ut pga sementgrising.


Sjarmerande?!?

Slik ser vegane ut når me er ute i felt, ofte er det
ingen veg og då er det bare å finne seg ei rute.
Lenge leve Toyota Landcruiser!

 Silje fekk seg ein god kamerat i Nonno-
Benja som ho hadde mykje moro med.


  Gulrot er ein av grønsakane som blir introdusert
 gjennom prosjektet, og her er ein stolt bonde.

Ingen John Deere og åtteskjærs vendeplog her,
men to oksar, ein bonde og ein liten plogspissgjer også nytta.

 Ein geitebukk held seg fast mil etter mil på veg
 til Addis, påske og dei evige jaktmarker.

søndag 28. mars 2010

Med flyttelass til Gimbi

Ja, då er me endeleg på plass i Gimbi. Forrige onsdag køyrde me frå Addis i lag med vår misjonærkollega Ragnhild, to LandCruisarar stappfulle av kjøleskap, komfyr, møblar og anna jordisk gods. Starta frå Addis kl. 07.00, og kombinasjonen av tung last og dårlege vegar gjorde at me ikkje var framme i Gimbi før nesten 12 timar etter. Avtala var at huset vårt skulle vera innflyttingsklart denne dagen, og me ringde t.o.m og sjekka denne informasjonen to timar før me var framme i Gimbi. Svaret var då at huset ikkje var heilt ferdig, men me kunne bu der likevel. Nedturen var difor stor då me kom fram til synodesenteret i skumringa og blei møtt med beskjeden om at huset mangla vatn og straum, golva var nymåla og me kunne ikkje koma inn. Så då stod me der med to stappfulle bilar, og den eine bilen måtte vera tom tidleg neste morgon sidan Ragnhild skulle fortsetja til Blånildalen. På toppen av det heile var me forkjøla og i noget redusert tilstand, så då me fekk eit rom på eit gjestehus i byen var det godt å sovne frå Gimbi og Afrika og alt det der...

Tidleg neste morgon var me på plass på syndodesenteret att, og fekk då stua alle våre eigedelar frå bilen til Ragnhild inn på eit lager slik at ho kunne fortsetja reisa si. Silje og eg blei buande på gjestehuset fram til laurdag, då var stogu i huset tørr nok til at me kunne setja inn sakene våre der. Sidan det har me budd i huset, og er i i det store og heile nokså fornøgd med tingenes tilstand. Handverkarane har riktignok gjort ein regelrett elendig jobb, men det var me førebudde på. Mykje av målinga og rørleggjararbeidet må me difor gjera om att (bilete kjem etterkvart som me får betre internettilgang). Me har dessutan ikkje hatt vatn i huset sidan me flytta inn, så me er temmeleg gjerrige på den tønna med vatn me fekk henta i byen:-) Likevel er me veldig glade for å vera på plass, og me skal nok få både hus og hage me kan trivast i etterkvart.

Arbeidsmessig er det suverent å vera saman med kollegaer og til stades der prosjektarbeidet føregår. Her er utruleg mange trivelege folk, så livet i Gimbi ser ut til å kunne bli fint! Me er godt igang med oppgåvene våre, og idag har me hatt fyrste dag i felt for å sjå arbeidet som blir gjort i Bikilal Integrated Rural Development Project. Oppmuntrande å sjå kor gode resultat som er oppnådde, og korleis prosjektet gjev menneska eit betre liv på mange ulike måtar. Detaljar kjem seinare.

Inntil vidare har me ikkje tilgang til internett bortsett frå når me ein sjeldan gong får låne ei dårleg telefonlinje på eit kontor her. Me håpar dette blir betre etterkvart når kontoret vårt blir ferdig, men bare tida vil vise når handverkarane har lagt siste hand på verket der...

P.s. Fyrste dagen me var her møtte me att Karitu som me skreiv om i eit tidlegare innlegg, og det var rett og slett fantastisk å sjå forandringa som var skjedd med henne. Forrige gong var ho bare eit einaste trist og sorgfullt andlet, no smilte ho som ei sol og stråla av glede. Dei 200 kr ho fekk av oss forrige gong hadde ho investert i sukkerrøyr som ho står og sel langs vegen, og hittil hadde ho klart å leva av fortenesten av denne businessen. Kapitalen har ho fortsatt, mannen er med og hjelper til, og me gledar oss veldig til å sjå korleis familien klarar seg framover. Når me no ser ho i vegkanten med sukkerrøyra sine har ho iallefall det finaste smilet ein kan tenkje seg. Håpar det forblir slik!

torsdag 11. mars 2010

Karitu

Den fineste opplevelsen til nå i Etiopia hadde vi på onsdag. Vi har snakket litt med pastoren i Gimbi’s Mekane Yesus kirke, og en gang vi var innom kontoret der, satt det en mor med to barn på en benk der inne. Han fortalte at de hadde mista faren sin og trengte hjelp. Neste dag gikk jeg opp på kontoret og ville spørre han om familien hadde fått hjelp eller om det var noe vi kunne gjøre. Han sa at disse falt innenfor et prosjekt for de som har mistet en eller begge foreldrene, og som de hadde sammen med 2 tyske menigheter, og derfor fikk hjelp. Men, sa han, i dag på morgenen var det en dame innom her og satt på kontoret mitt og gråt. Mannen hennes var blind og hun hadde nettopp fått sitt andre barn. Hun kunne ikke begripe hvordan hun skulle få skaffet penger til mat, for når hun hadde vært og spurt etter jobb var det ingen som ville ha henne pga den lille ungen. Hun hadde måttet legge gutten fra seg på bakken, og han hadde blitt full av støv og skit. Mannen har få muligheter til å tjene penger siden han er blind, men har prøvd å pusse sko i byen. Men det er så mange andre skopussere der, så det er vanskelig å tjene noe særlig. Denne jenta faller utenfor systemet vårt, sa pastoren (eller kes Dosa som han heter), og jeg har nesten ikke penger til å hjelpe henne. Vi er jo alle enige om at de er ”fattige nok” til å få hjelp, men det er ingen av prosjektene våre som fanger henne opp. Om dere kan tenke dere å hjelpe henne, ville det vært fantastisk! Jeg sa at det ville vi gjerne, og han foreslo at vi skulle dra ned til henne med en gang.

Karitu bodde i en liten leirhytte rett nedenfor kirken. Mannen var ikke hjemme da vi kom, men hun og de to barna var der. Hun var ung og vakker, men mellom øynene hadde hun hele tiden en dyp rynke. Vi fikk fortalt henne gjennom pastoren at vi ville hjelpe henne med et stipend, sånn at hun kan begynne en liten business av et slag og etter hvert bli selvstendig. Hennes forslag var å selge mais på markedet; da kunne hun også ha med seg minstegutten. Som så mange ganger før, kom tankene om at fattigdom mest av alt er å ikke ha drømmer, ideer eller framtidsplaner. Kes Dosa er en klok mann, og han var veldig tydelig på at han ville se henne jobbe og bruke pengene til å investere og tjene egne penger. Da hun svarte at "jeg skal dra til markedet uansett om det er sol eller regn", ble det for mye for den gamle pastoren og han begynte å gråte. Like etter fikk vi oversettelsen, og da gikk det samme vei med oss. Det var en utrolig rørende opplevelse, og før vi dro ba vi sammen og la hendene på Karitu og gutten i fanget hennes.Og vi grein så snørr og tårer spruta alle sammen.
 
Nå håper vi at dette bare er begynnelsen, og at vi kan få være med på mye lignende i årene fremover!

mandag 8. mars 2010

Gimbi i rødt, hvitt og blått

Vi har nå fått vite at Etiopia som det eneste landet i Afrika har internett-sensur. Det forklarer hvorfor vi ikke har kommet inn på bloggen vår på 14 dager, så nå prøver vi å basere oss på en mellomkvinne i Norge som kan publisere innlegga for oss. Takk, Åsne!

Siden forrige innlegg har vi hatt en femdagers tur til Gimbi igjen. I tillegg til møter med prosjektmedarbeidere og ledelse, gikk mye av tida med til å gjøre oss kjent i byen og følge opp prosessen med huset vårt. Så langt har vi stor tro på at vi skal få det bra i Gimbi. Vi møtte mange hyggelige mennesker i byen på våre daglige turer for å få oss mat (blir tvinga til å være sosial når man ikke har bil og bor på et lite rom uten mulighet for å lage mat...), og vår nærmeste nabo er en tysk prest som har bodd i Etiopia i fire år og er gift med ei etiopisk jente. Gode naboer!

Når det gjelder huset vi skal få, bodde det fortsatt folk der og ingenting var gjort innvendig. «Tomorrow, tomorrow!» Derimot var huset utvendig malt i de vakreste farger. Vi antydet forrige gang at hvitt eller lyst hadde vært fint, så knallrød og minst like knallblå farge kom som et aldri så lite sjokk. Sammen med to bleike nordmenn på utsida blir det nesten 17. mai- stemning... Nå har vi iallefall forsikret oss mange ganger om at de har fått med seg at vi ønsker hvitt innvendig. Så får vi bare håpe at det blir tilfellet og at det ikke blir noe blåmaling der også... Det ser også ut til å være sjanse for å få varmt vann i huset, og det er jo ikke så verst!

 
 Huset vårt i Gimbi er nå malt i de skjønneste farger! Dette er altså deres fortolkning av vårt ønske om lyst eller hvitt!


  
Vi begynner å skjønne hvorfor de har problemer med å estimere tallet på innbyggere i Gimbi. Dette bildet er tatt fra gata om morgenen når studentene går på skolen. Aslak synes det er som å være på Dyrsku'n døgnet rundt!


 
 
Dette er en av våre nye venner i gata. Da vi hadde tatt bilder av de, løp de alt de kunne ned til huset til mora og ropte og lo: Ferenji'ene (= hvitingene) tok bilder av oss! Ferenji'ene tok bilder av oss!

 
Jenta til høyre har den søteste stemmen i verden! Når vi spør på vår stotrende oromo: "Har du det bra?", svarer hun med en liten, redd stemme: "Ja, jeg har fred!"






lørdag 20. februar 2010

Ny felttur

Medan Marit Bjørgen & co går sin seiersgang i Vancouver, tar me oss ein ny tur til prosjektkontoret i Gimbi. Kl. 06.00 i morgo set me oss i bilen, kjem truleg attende på torsdag. Dreg bort for å ha møte med prosjektstaben, men kanskje vel så viktig er det å pushe på når det gjeld huset me skal bu i der borte. Håpar det har skjedd litt dei siste vekene, og kanskje kan me få gjort litt eigeninnsats òg. Uheldig for alle partar at me ikkje kjem oss på plass der i vest, så me må nok fylgje opp dette endå meir aktivt framover.

Når det gjeld OL, får me håpe det er gode nyhetar å få når me sjekkar aftenposten.no om ei vekes tid. Her er det ingen som kan klage på at statskanalen sender vinteridrett døgnet rundt, så me kjem nok ikkje til å sitje klistra framfor tv-skjermen dei neste kveldane. Alternativet blir nok ei god bok som sengelektyre. Heia Norge! 

mandag 15. februar 2010

Klare for ei ny veke

Så var det måndag att, og me er klare for ei ny veke på kontoret i Addis. Fram til huset vårt i Gimbi er klart, går det meste av tida med til å lesa prosjektdokument, fagartiklar, budsjett, rapportar, samt litt eigenstudie av Afaan Oromoo (språket me skal lære oss) innimellom. Mykje å setja seg inn i, så det meste vil me nok få innsikt i etterkvart som me kjem i gang med det meir praktiske arbeidet.

Største delen av arbeidet vårt her ute vil vera å fungere som bistandsrådgjevarar i eit Norad-finansiert utviklingsprogram, Western Ethiopia Integrated Environment and Food Security Development Program, dvs. ei samling av fire tidlegare landsbyutviklingsprosjekt som no er samla i eit stort, felles program. Viktige kompenentar i dette programmet er jordbruk, husdyr, vassforsyning, skogplanting, alternativ energi, jord- og skogvern, hushaldningsøkonomi o.l., og fokus på kvinner er eit gjennomgåande tema. Silje skal i tillegg jobbe direkte inn mot to prosjekt med tittelen Women Empowerment Project, og skal difor jobbe endå meir spesifikt med dette.

I helga har me vore i Awassa og besøkt gamle vener. Silje budde i Awassa og gjorde feltarbeidet sitt forrige gong me var her ute, så det var moro å sjå att både husverten hennar og andre kontaktar ved universitet. Me overnatta på ferieplassen til NLM, og fekk nok ein gong nyte synet og lyden av alle fuglar og dyr som er der ved Awassasjøen. Fantastisk! Me la turen innom ein mindre attraktiv nasjonalpark og eit par halvgode turistattraksjonar igår på veg heim, så då har me fått testa ut litt og gjort oss ein del erfaringar til me får besøk frå Norge!:-)

Ha ei god og velsigna veke, folkens!

Bilete til venstre er av Awassasjøen og til høgre ser de eksempel på Etiopisk tresking

søndag 7. februar 2010

Gimbi

På fredag kom vi tilbake fra Gimbi. Jeg, Aslak og Klaus-Christian (representanten vår) kjørte på onsdag de 430 kilometerne vestover fra Addis for å se på vår nye heim og arbeidsplass, og for å hilse på nye kollegaer. Det første som slo oss var at det var godt å komme ut av Addis. For min del er det dette jeg forbinder med Etiopia. Hjertet slår hardere ved synet av tukuler (runde jordhytter) og fjellandskap, røyken som siver ut av jordhyttene i morgentimene og de gode luktene av nybrent kaffi og mat som blir tilberedt på åpen ild.

Vi skal bo litt utenfor Gimbi, på området som synoden (=bispedømmet) har der. Vår nærmeste kollega, Dr. Tadelech, bor i nabohuset, og en del av de andre som er involvert i prosjektene bor også på samme område. Huset vårt var, som antatt, i en dårlig forfatning. Men renoveringsarbeidet var i gang, og så fort det blir vann og strøm i huset, tenker vi å flytte til Gimbi for å få litt fortgang i oppussingsarbeidet. Det beste med plassen, er nok hagen: Den har stort potensiale og det blir fint å ha den å holde på med! Tomta er omkransa av mango- og avocadotrær og jeg har tenkt til å være der og utkonkurrere apene, når sesongen er i gang!

Bildene viser en landsby på veien mellom Addis og Gimbi (ø.v.), veien til huset vårt (ø.h.), huset vårt (n.v.) og kontoret vårt (n.h).

lørdag 30. januar 2010

Oppstart og akklimatisering






















Av ein eller annan grunn har me ikkje kome inn på bloggen vår på nesten ei veke, slikt blir det ikkje mange nye innlegg av. Idag fekk me heldigvis logga inn, så tidleg laurdags morgon med lite nettrafikk er altså tingen.

Denne veka har i stor grad gått med til å ordne praktiske ting og setja seg så smått inn i prosjekta me skal jobbe i. Resultatet er m.a. at me no er innehavarar av midlertidig etiopisk førarkort og at storbagasjen vår står på verandaen. Mykje tar jo lenger tid her enn i Norge, så det å få lappen inneber køyring til diverse kontor for å få dei høgt akta og dyrebare stempla som skal til, men det ordna seg veldig greitt. Storbagasjen vår med x antal plasttønner frå Norge fekk me òg etter forholda raskt. Etter ein bomtur til flyplassen fyrste dagen, troppa me opp kl 06.00 neste dag som avtala. Kl. 06.45 kom det nokon og låste opp... Alle tønnene våre blei opna for å sjekke innhaldet, men me slapp heldigvis ut med alt. Det kan jo vera vanskeleg nok å få oppi alt når ein har stappa så godt ved pakking, men me slapp heldigvis å stå oppi tønna og tråkke ned innhaldet for å få plass slik som ein del andre måtte. :-) Etter fire timar var bagasjen på veg ut av flyplassen.

Det var mykje om praktiske og daglegdagse saker. Me trivast veldig bra her nede, og har mange flotte menneske å samarbeide med, både norske og lokale. Til veka blir det truleg ein tur til Gimbi for å møte prosjektmedarbeidarar og sjå korleis det ligg an med huset me skal bu i. Gledar oss til å koma ut i felt, inntil vidare kosar me oss i Addis med liv og stemning her.

P.s. Hadde eg vore mellom dei sosialt oppegåande og edb-intellektuelle som er på Facebook, skulle eg danna ei gruppe med namnet "Me som faktisk har fått vassblemme på tommelen etter å ha tukla med koden på kofferten". No er kofferten iallefall open.

Bileta viser (ø.v) det nye gliset vårt, (ø.h.) Silje og Menduab (som er ansvarleg for kjøkkenet), (n.v.) Aslak som har eksponert den blåbleike kroppen sin for Afrikas sol og (n.h.) Silje på compound'en i Addis.


søndag 24. januar 2010

Addis Abeba


Jeg er enig med Tarjei Vesaas i at ”sno og grånskog æ heimskleg”, men må innrømme at å våkne i perfekt Addis-klima og smaken av injera vekker noen av de samme følelsene. For det var faktisk noe heimskleg med å komme tilbake til Etiopia.


Mye er det samme, selv om forandringene er mer påtagelige her enn hjemme. For eksempel er det kommet ny asfalt på veien fra NMS-basen til byen, det er kommet plommer i butikkene her (så nå blir det plommesyltetøy i heimen) og den norske skolen i Addis er lagt ned.

For min del er det helt annerledes å komme hit denne gangen. Det å kunne reise sammen med Aslak og slippe å tusle rundt i Awassa alene daglig har mye å si. Det er utrolig fint å være to! I tillegg er det veldig annerledes å være tilknytta en organisasjon og være en naturlig del av et miljø. Jeg er stolt av arbeidet NMS gjør i Etiopia, og det er moro at prosjektene vi skal jobbe med får gode tilbakemeldinger når de blir evaluert.

Huset vårt i Gimbi er ikke klart enda, så vi blir her i Addis i noen uker. Det er en fin start, og gir muligheten til å bli kjent med kollegaer og arbeidet vi skal være med i før vi drar vestover.

Silje

Vi har ikke tatt noen bilder enda, så bildet av injera'en har jeg lånt fra nettsiden: delectable-victuals.blogspot.com

onsdag 20. januar 2010

Oxford students


Tysdag 19. januar 2010 var dagen for å ta farvel med fedrelandet for denne gong. Etter ein lang dag med 120 kg bagasje i bil, buss, buss, fly og buss, var det ei sann glede å setja seg inn i den klassiske, britiske taxien i Oxford city og nyte synet av historiske bygningar som flimra forbi. Vel framme på Linton Lodge Hotel var det tid for å slengje seg på ryggen og la kroppen gå inn for landing medan Manchester City slo United på flatskjermen. Misjonærar har det godt! :-) Nokre få sms til familie og gjennomlesing av artiklar til neste dags kurs var det me rakk før Jon Blund kom og sa god natt.

Idag vakna me opp til britisk frukost og starten på eit tredagars kurs i "Gender analysis and planning", eit kurs med fokus på kjønn og likestilling i utviklingsarbeid. Ironisk nok var Aslak einaste hane i flokken av bistandsdamer frå heile verda, så det tyder på at likestilling fortsatt er aktuelt... :-) Dag 1 av kurset er over, og snart skal me treffe ein av Aslaks leikekameratar frå hans barndoms Kongo som han ikkje har sett på 22 år. På tide å pusse støv av swahili-levningane!

torsdag 14. januar 2010

Bare noen dager igjen


Så er vi der snart. På flyet og på vei mot alt det spennende og fremmede. Vi gleder oss veldig, selvom det ikke blir så mye tid til å tenke på det. De siste månedene har vært hektiske, men nå er de fleste forberedelser i boks, selvom passene våre fortsatt befinner seg i hendene på en eller annen postmann som kanskje ikke helt har kommet seg etter julestria. Flyttelasset vårt er sendt: X antall tønner forseglet med brusopptrekkere fra Arendal bryggeri og ditto hengelåser. Vi har hatt 10-15 turer hver til vaksinasjonskontor og lege, og er immune mot det meste og har blitt testa og sjekka i alle bauer og kanter.

Vi skal først til London i tre dager, der vi skal kurses i "gender issues" og på fredag drar vi videre til Etiopia og hovedstaden Addis Abeba der vi skal være i noen dager.

Vi kan ikke love mye bilder og stæsj, for erfaringsmessig er det vanskelig nok å få sendt en mail fra det Etiopiske nettet. Men vi kommer tilbake med oppdateringer så snart vi kan!

Hilsen Silje og Aslak