I januar '10 drar vi til Vest-Etiopia for å jobbe hovedsaklig med landbruks-, miljø- og kvinneprosjekter. Vi reiser ut for Det Norske Misjonsselskap og skal jobbe for Mekane Yesus-kirken sin utviklingsorganisasjon (DASSC). Følg oss på bloggen vår!



lørdag 3. april 2010

Påskelam og klisterføre i Addis Abeba


Idag vakna eg til lyden av piskeslag i gata. Det er langfredag, og det fyrste som slo meg var at her er det nok ein påsketradisjon eg ikkje har sett før. Det var det forsåvidt, men heldigvis ikkje av den typen eg frykta. Lyden eg høyrde kom frå pisken til sauegjetarane, og overalt i hovudstaden er det idag store og små saueflokkar som blir drivne rundt for at byens innbyggjarar skal få kjøpt seg ein sau til festmåltidet på påskedag. Nesten som isbilen i Norge, men atskillig meir høgtideleg. Her er det stor fest for alle som ikkje har ete kjøtt sidan fastetida starta. Påskelammet skal feirast.

Sjølv om me er nesten like høgt over havet som Galdhøpiggen, er det dårleg klisterføre i Addis. Me kom hit i går, og overalt langs vegane hit var det fullt av sauer, geiter og hanar til sals. Inni fullstappa bilar og på toppen av høgt lasta takstativ flaksa hanane, og sauer og geiter stod på toppen av lastebilar og på fanget til passasjerane bakpå pick-up'ane. Herleg fritt for eit kvart EU-direktiv, og korkje mattilsyn, biltilsyn eller anna tilsyn blandar seg. Eit og anna tilsyn for dyrevelferd hadde likevel vore på sin plass...

Me har hatt to flotte veker i Gimbi. Huset vårt er riktignok ikkje heilt på stell endå, og vatn har me bare hatt to halve dagar sidan me flytta inn. Livet er likevel utruleg fint, og nok ein gong får me stadfesta at det ikkje er det materielle som gjev livsglede. Fin natur, gode menneske og meiningsfull kvardag veg til gagns opp for det me måtte sakne av norsk standard. Jobbmessig har me hatt hendane fulle av budsjettarbeid, revisjon og søknadsrådgjeving, men det er godt å vera i gang med den delen av arbeidet òg. Mange trivelege kollegaer rundt oss, og den etiopiske gjestfriheten er stor!

I tillegg til prosjektadministrasjon har me òg fått sett to av dei fire integrerte landsbytutviklingsprosjekta me jobbar inn mot. Forrige veke hadde me ein dagstur til Bikilal, eit prosjektområde som ligg på landsbygda utanfor Gimbi. Denne veka hadde me tre dagar til Nonno-Benja. Dette området ligg eit par timars køyring frå Ijaji (når det er gode vegforhold), og Ijaji ligg omtrent midt mellom Gimbi og Addis langs hovudvegen. Prosjektstaben her er ein gjeng med gladfolk, og saman har me ete injerra og wot til me fekk mellomgolvet i halsen, ledd ein heil haug saman og ikkje minst har kvitingane fått stotra seg fram på vårt nye språk til allmenn forlystelse. Veldig interessant og spennande er det òg å sjå resultatet av arbeidet som blir gjort, anten det gjeld landbruk, helse eller mikrokreditt for kvinner. Smilet frå mange av bøndene me møtte fortel meir enn nokon prosjektrapport, og ein hadde til og med fått fortenestemedalje frå statsministeren for sitt eksemplariske og nytenkjande jordbruk. Og når ein heil landsby som har fått reint vatn gjennom prosjektet klappar for Norge og rettar hendene ut mot oss idet dei velsignar oss og fedrelandet vårt, skal ein vera hardhjerta for ikkje å la seg bli røyrt.

Ha ei velsigna påske alle saman, og som vaktmannen vår sa idag: «This is a day of rememberance.»



Påkøyrd slange på veg til Gimbi.
5-6 m lang og 15 cm i diameter


 Må innrømme at me ikkje var heilt blide då dei
 lokale handverkarane hadde montert splitter ny
dusj og resultatet såg slik ut pga sementgrising.


Sjarmerande?!?

Slik ser vegane ut når me er ute i felt, ofte er det
ingen veg og då er det bare å finne seg ei rute.
Lenge leve Toyota Landcruiser!

 Silje fekk seg ein god kamerat i Nonno-
Benja som ho hadde mykje moro med.


  Gulrot er ein av grønsakane som blir introdusert
 gjennom prosjektet, og her er ein stolt bonde.

Ingen John Deere og åtteskjærs vendeplog her,
men to oksar, ein bonde og ein liten plogspissgjer også nytta.

 Ein geitebukk held seg fast mil etter mil på veg
 til Addis, påske og dei evige jaktmarker.

1 kommentar:

  1. Åi, skal si de kan dyrke gulrot! Men veier kan de nok bli bedre på.. Godt dere holder motet opp tross dårlig hus... gleder oss til å se dere snart!!

    SvarSlett