I januar '10 drar vi til Vest-Etiopia for å jobbe hovedsaklig med landbruks-, miljø- og kvinneprosjekter. Vi reiser ut for Det Norske Misjonsselskap og skal jobbe for Mekane Yesus-kirken sin utviklingsorganisasjon (DASSC). Følg oss på bloggen vår!



søndag 28. mars 2010

Med flyttelass til Gimbi

Ja, då er me endeleg på plass i Gimbi. Forrige onsdag køyrde me frå Addis i lag med vår misjonærkollega Ragnhild, to LandCruisarar stappfulle av kjøleskap, komfyr, møblar og anna jordisk gods. Starta frå Addis kl. 07.00, og kombinasjonen av tung last og dårlege vegar gjorde at me ikkje var framme i Gimbi før nesten 12 timar etter. Avtala var at huset vårt skulle vera innflyttingsklart denne dagen, og me ringde t.o.m og sjekka denne informasjonen to timar før me var framme i Gimbi. Svaret var då at huset ikkje var heilt ferdig, men me kunne bu der likevel. Nedturen var difor stor då me kom fram til synodesenteret i skumringa og blei møtt med beskjeden om at huset mangla vatn og straum, golva var nymåla og me kunne ikkje koma inn. Så då stod me der med to stappfulle bilar, og den eine bilen måtte vera tom tidleg neste morgon sidan Ragnhild skulle fortsetja til Blånildalen. På toppen av det heile var me forkjøla og i noget redusert tilstand, så då me fekk eit rom på eit gjestehus i byen var det godt å sovne frå Gimbi og Afrika og alt det der...

Tidleg neste morgon var me på plass på syndodesenteret att, og fekk då stua alle våre eigedelar frå bilen til Ragnhild inn på eit lager slik at ho kunne fortsetja reisa si. Silje og eg blei buande på gjestehuset fram til laurdag, då var stogu i huset tørr nok til at me kunne setja inn sakene våre der. Sidan det har me budd i huset, og er i i det store og heile nokså fornøgd med tingenes tilstand. Handverkarane har riktignok gjort ein regelrett elendig jobb, men det var me førebudde på. Mykje av målinga og rørleggjararbeidet må me difor gjera om att (bilete kjem etterkvart som me får betre internettilgang). Me har dessutan ikkje hatt vatn i huset sidan me flytta inn, så me er temmeleg gjerrige på den tønna med vatn me fekk henta i byen:-) Likevel er me veldig glade for å vera på plass, og me skal nok få både hus og hage me kan trivast i etterkvart.

Arbeidsmessig er det suverent å vera saman med kollegaer og til stades der prosjektarbeidet føregår. Her er utruleg mange trivelege folk, så livet i Gimbi ser ut til å kunne bli fint! Me er godt igang med oppgåvene våre, og idag har me hatt fyrste dag i felt for å sjå arbeidet som blir gjort i Bikilal Integrated Rural Development Project. Oppmuntrande å sjå kor gode resultat som er oppnådde, og korleis prosjektet gjev menneska eit betre liv på mange ulike måtar. Detaljar kjem seinare.

Inntil vidare har me ikkje tilgang til internett bortsett frå når me ein sjeldan gong får låne ei dårleg telefonlinje på eit kontor her. Me håpar dette blir betre etterkvart når kontoret vårt blir ferdig, men bare tida vil vise når handverkarane har lagt siste hand på verket der...

P.s. Fyrste dagen me var her møtte me att Karitu som me skreiv om i eit tidlegare innlegg, og det var rett og slett fantastisk å sjå forandringa som var skjedd med henne. Forrige gong var ho bare eit einaste trist og sorgfullt andlet, no smilte ho som ei sol og stråla av glede. Dei 200 kr ho fekk av oss forrige gong hadde ho investert i sukkerrøyr som ho står og sel langs vegen, og hittil hadde ho klart å leva av fortenesten av denne businessen. Kapitalen har ho fortsatt, mannen er med og hjelper til, og me gledar oss veldig til å sjå korleis familien klarar seg framover. Når me no ser ho i vegkanten med sukkerrøyra sine har ho iallefall det finaste smilet ein kan tenkje seg. Håpar det forblir slik!

1 kommentar:

  1. Skal si dere må være tålmodige... Håper vann og strøm ordner seg. Bra dere fokuserer på de positive menneskene deres omgås! Det er en verdifull egenskap dere har ;) Tenker på dere!!

    SvarSlett