Av ein eller annan grunn har me ikkje kome inn på bloggen vår på nesten ei veke, slikt blir det ikkje mange nye innlegg av. Idag fekk me heldigvis logga inn, så tidleg laurdags morgon med lite nettrafikk er altså tingen.
Denne veka har i stor grad gått med til å ordne praktiske ting og setja seg så smått inn i prosjekta me skal jobbe i. Resultatet er m.a. at me no er innehavarar av midlertidig etiopisk førarkort og at storbagasjen vår står på verandaen. Mykje tar jo lenger tid her enn i Norge, så det å få lappen inneber køyring til diverse kontor for å få dei høgt akta og dyrebare stempla som skal til, men det ordna seg veldig greitt. Storbagasjen vår med x antal plasttønner frå Norge fekk me òg etter forholda raskt. Etter ein bomtur til flyplassen fyrste dagen, troppa me opp kl 06.00 neste dag som avtala. Kl. 06.45 kom det nokon og låste opp... Alle tønnene våre blei opna for å sjekke innhaldet, men me slapp heldigvis ut med alt. Det kan jo vera vanskeleg nok å få oppi alt når ein har stappa så godt ved pakking, men me slapp heldigvis å stå oppi tønna og tråkke ned innhaldet for å få plass slik som ein del andre måtte. :-) Etter fire timar var bagasjen på veg ut av flyplassen.
Det var mykje om praktiske og daglegdagse saker. Me trivast veldig bra her nede, og har mange flotte menneske å samarbeide med, både norske og lokale. Til veka blir det truleg ein tur til Gimbi for å møte prosjektmedarbeidarar og sjå korleis det ligg an med huset me skal bu i. Gledar oss til å koma ut i felt, inntil vidare kosar me oss i Addis med liv og stemning her.
P.s. Hadde eg vore mellom dei sosialt oppegåande og edb-intellektuelle som er på Facebook, skulle eg danna ei gruppe med namnet "Me som faktisk har fått vassblemme på tommelen etter å ha tukla med koden på kofferten". No er kofferten iallefall open.
Bileta viser (ø.v) det nye gliset vårt, (ø.h.) Silje og Menduab (som er ansvarleg for kjøkkenet), (n.v.) Aslak som har eksponert den blåbleike kroppen sin for Afrikas sol og (n.h.) Silje på compound'en i Addis.
Bileta viser (ø.v) det nye gliset vårt, (ø.h.) Silje og Menduab (som er ansvarleg for kjøkkenet), (n.v.) Aslak som har eksponert den blåbleike kroppen sin for Afrikas sol og (n.h.) Silje på compound'en i Addis.