I januar '10 drar vi til Vest-Etiopia for å jobbe hovedsaklig med landbruks-, miljø- og kvinneprosjekter. Vi reiser ut for Det Norske Misjonsselskap og skal jobbe for Mekane Yesus-kirken sin utviklingsorganisasjon (DASSC). Følg oss på bloggen vår!



søndag 25. april 2010

I sivilisasjonen att

Papirtørking etter vannlekkasje


Verden er urettferdig
                                                                            

Kaffiplantene tørker i Beghi


Alternativ tørkesnor


Som ved eit under kom me no inn på bloggen for fyrste gong på eit par månadar, så no gjeld det å smi mens nettsensuren har ein svak augneblink. Me må bare beklage at det ikkje blir så hyppige innlegg og at me ikkje får svara på kommentarane dykkar, men som som sagt før har myndighetane her eit stramt grep om ytringsfridomen og alt som skjer på nettet, spesielt no før det føreståande valet 15. mai. For vår del tyder det at me ikkje kjem inn på bloggen, me kan ikkje eingong sende link til bloggen i e-postar, chat o.l.

Me kom attende til Addis seint på fredags kveld etter ein lang dags ferd frå Gimbi til hovudstaden. Då me tok ei pause i Ijaji (halvvegs mellom Addis og Gimbi) for å treffe nokre prosjektfolk der, fekk me sjå at det eine bakhjulet var fullt av olje. Det viste seg då at bakakselen var defekt, og at me ikkje kunne køyre dei siste 20 mila som stod att. Dermed var det bare å parkere bilen på synodesenteret der, demontere delane for reparasjon i Addis og takke ja til tilbodet frå utruleg rause prosjektmedarbeidarar om å køyre oss til hovudstaden med ein prosjektbil. Me var utruleg glade for at det gjekk som det gjekk, og at ikkje det same hende forrige helg då me var i bushen heilt ved grensa til Sudan...

Dei siste to vekene har me stort sett jobba intenst med budsjettrevisjon og planar for neste år. Prosjektleiarar og rekneskapsførarar frå alle dei fire landsbyutivklingsprosjekta var samla i Gimbi, der Dr Tadelech, Silje og eg i PCU-administrasjonen arrangerte workshop og hjalp dei i hamn med budsjettarbeidet. Lange dagar og hektisk jobbing opp mot deadline, men me kom godt i mål. Mange dyktige prosjektmedarbeidarar rundt om, dei treng bare nokre ekstra puff bak når det gjeld å overhalde norske tidsfristar....

Etter budsjettet var i mål, drog me til Beghi-Gidami for å sjå på prosjektet som blir drive der. Dette området ligg heilt på grensa til Sudan, og det er utruleg moro å få sett ulike delar av dette flotte landet. Mykje fin natur, og trivelege folk overalt. Prosjektet såg ut til å fungere bra, me hadde dessverre ikkje tid til å sjå meir enn nokre glimt. Det som likevel skilde seg ut her som i dei andre prosjekta, er kvinnearbeidet. Saving&credit groups gjev kvinnene makt over eigne ressursar og pengar, og endrar tydeleg deira rolle i heimen og i samfunnet. Heia Afrikas kvinner, dei er det tak i! Prosjektets største problem for tida var den ekstra langvarige tørka som området opplever no. Bekkar og elver hadde tørka inn, noko som m.a. hadde ført til at dei fleste av plantene på den eine planteskulen dei dreiv hadde visna. Me får bed om at regntida snart melder sin ankomst.

I Gimbi er me no relativt godt installert i huset vårt. Det tekniske er fortsatt ikkje i orden, men me får gyve laus med friskt mot når me kjem attende etter Norgesopphaldet vårt i sommar. Det kjipaste me opplevde var nok den natta me vakna av lyden av vatn som spruta, og det viste seg at det fossa vatn ut frå doen vår (som forøvrig aldri har fungert...).  I sin visdom har nokon anlagt badegolvet 20 cm høgare enn resten av huset, utan sluk. Dermed rann alt vatnet inn i stogu, og vips så var to pc-vesker, masse dokument, bøker og andre saker og ting kliss-klass. Pc'ane gjekk det heldigvis bra med, men me bruka eit par timar på å leggje alle ark og bøker utover heile huset til tørk. Flaks at me hadde stengt av vatnet då me var i Addis forrige gong, dette hende fyrste natta etter at me kom attende. Dessutan slit me med ein delegasjon særdeles pågåande rotter som det ikkje nyttar å irettesetja i ein faderleg eller moderleg tone. Me får sjå om solide rottefeller frå Norge kan overtale dei til å la oss vera i fred, men antakeleg må me i tillegg gjera ein solid innsats for å tette att mest mogleg av sprekkar og hol i veggane. Huset er visst kjent for sine store rotter i vegger og tak, så truleg må me finne oss i å ha gjester som krafsar og spring om nettane. Då er det ein god trøyst å ha ein hage full av avokado og mango, og ein veranda der me kan sitja i tropenettene å sjå på stjernene og høyre på alle Afrikas fantastiske lydar:-)

P.s: Forbetra omnar er eit element i alle landsbyutviklingsprosjekta våre. Fordelar med desse er m.a. mindre røyk i rommet, mindre vedforbruk, betre arbeidsstilling og mindre brannskadar. Legg ved ein link til ein biletserie på BBC som handlar om tilsvarande omnar i Kongo: http://news.bbc.co.uk/2/hi/africa/8580967.stm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar