I januar '10 drar vi til Vest-Etiopia for å jobbe hovedsaklig med landbruks-, miljø- og kvinneprosjekter. Vi reiser ut for Det Norske Misjonsselskap og skal jobbe for Mekane Yesus-kirken sin utviklingsorganisasjon (DASSC). Følg oss på bloggen vår!



onsdag 28. april 2010

Overbuljongterningpakkmesterassistent

Dette er den smekre tittelen på eit av Øystein Sundes album, og har forsåvidt ingenting med Etiopia å gjera. Assosiasjonen fekk eg då eg las overskrifta på saksdokumentet til vårt fyrste møte i styringsgruppa til programmet me jobbar i. Der stod følgende at lese: "Ethiopian Evangelical Church Mekane Yesus Development And Social Service Commission Western Ethiopia Integrated Environment And Food Security Development Program Coordination Unit Management Committee". Kort og godt. Og eg som i mitt lettsinn har hatt for vane å kalle det heile for PCU. Heretter skal eg halde meg til den offisielle forkortinga: EECMY-DASSC WEIEFSD PCU MC. Så får det ikkje hjelpe om eg får assosiasjonar til hakkespettforkortingane i Donald Duck og vennene hans.

Ulike kulturar er moro, og ein tur på Mapping Authority i Addis kunne vore ført opp som ein av byens store attraksjonar. Som den naive nordmann eg er, hadde eg forestilt meg ein disk der eg kunne plukke ut eit kart, betale og gå ut. Etioparane er tydelegvis ikkje av same oppfatning. Slik føregjekk seansen:
1. To uniformerte vaktmenn helsar oss velkommen, føretar kroppsvisitasjon og slepp oss inn.
2. Vel inne tar Dame 1 mot oss, fører oss inn i neste rom og introduserer oss for ein annan herremann.
3. Denne herremannen tar oss med inn på eit nytt rom, blar opp i ein kartkatalog og viser oss kartet over Gimbi. Ja takk, seier Silje og byrjar å rulle saman kartet. Nei, du, dette er bare ei prøve. Dermed blir me ført inn på neste rom.
4. Her må me setja oss ned medan Dame 2 bak skrivebordet skriv ei kvittering for handelen vår.
5. Silje blir deretter ført inn på eit nytt kontor for betaling, her betalar ho sine Birr til Dame 3 og kjem tilbake med kvitteringa til Dame 2.
6. Dame 2 signerer kvitteringa. I mellomtida har me fått kartet, og kan difor takke for handelen.
7. Ute i gangen vinkar me høfleg farvel til dame 1.
8. Ved utgangen må me vise kvittering og kart til Vaktmann 1, dermed er med gjennom nålauget.
9. Ute i friluft att, med kartet under armen.
Det er ein kunst å få arbeidet til å vara.

Seint i morgon kveld set me oss på flyet til Norge, det er tid for ein del veker på kurs i Stavanger og deretter nokre veker ferie. På mange måtar er det litt rart å skulle reise heim att til Norge etter så kort tid, men av praktiske årsakar måtte det bli slik. Me er iallefall takknemlege for å kunne sjå att familie og vener, og i juli er me attende i Etiopia, forhåpentlegvis utkvilte og fulle av pågangsmot!

2 kommentarer:

  1. Daniel Tegnander4. mai 2010 kl. 16:01

    Fantastisk å lese bloggen deres!Blir gøy å følge med videre i juli :)

    SvarSlett
  2. Takk for det! Vel møtt i juli:-)

    SvarSlett