I januar '10 drar vi til Vest-Etiopia for å jobbe hovedsaklig med landbruks-, miljø- og kvinneprosjekter. Vi reiser ut for Det Norske Misjonsselskap og skal jobbe for Mekane Yesus-kirken sin utviklingsorganisasjon (DASSC). Følg oss på bloggen vår!



onsdag 21. juli 2010

Attende i Addis' gater

I mai skreiv me at me kom til Norge og hakka tenner, no går me sanneleg rundt i Addis og hakkar minst like mykje tenner :-) Her er me midt i regntida og har ikkje hatt mange timar med sol sidan me kom for halvannen veke sidan. Synd at ullundertøyet vårt ligg pakka ned i rottetette tønner i Gimbi, for det hadde vore godt å hatt her, tru det eller ei. Kanskje ikkje så rart likevel, med tanke på at huset me bur i no ligg nesten like høgt over havet som Galdhøpiggen... Og til forskjell frå Norge er det gjerne kaldare inne enn ute her pga kalde murhus utan oppvarming.

Men det er egentleg ikkje lov til å klage. Her i Addis' gater er det mange som ikkje har eit tak å sitja under når troperegnet høljar ned eller ei varm seng å krype oppi når kvelden kjem. Det er hjarteskjerande å sjå alle som ligg på midtrabattar og i grøftekantar, og me skulle bare ønskje me hadde eit stort hus fullt av varm mat til dei alle. Utan eit hjarta av stein er det umogeleg å ikkje bli slått over kor urettferdig verda er, og kor griseflaks det er å tilfeldigvis bli fødd i eit rikt land som Norge der me lever som grevar uansett korleis me snur og vender på det. Beklagar folkens, men når eg går på gatene her kan eg ikkje la vera å la meg provosere av store delar av "fattigdoms"-problematikken i Norge.

Me er alt i ferd med å koma inn att i fast gjenge etter eit par glimrande månader i Norge med bra kurs, gode venner og kjær familie. Borte bra, men heime best er det noko som heiter. Akkurat no er det vanskeleg å definere kva som er heime og borte, det kjem liksom an på dagsformen og tidsperspektiv. Det er iallefall godt å vera attende i Etiopia, og me kjenner at no er det her me skal vera. Me er klare til ny innsats og håpar arbeidet me er med i kan gjera livet betre for menneske i dette landet. Fortsatt god sommar i nord!

Ingen tvil om i kva retning Mekka ligg.

Sjeldant syn i Sinsenkrysset.

Maissesong, både rå og ferdiggrilla på annankvart gatehjørne.

Silje går for 5 om dagen.

Fin fruktdisk og ikkje akkurat Bendit-prisar.

2 kommentarer:

  1. Å, det er gildt med oppdatering og bilder!! Lykke til med resten av regntida. I dag har jeg badet i sprederen. Veldig voksent.. Jennie:)

    SvarSlett
  2. Kjekt å lese bloggen deres:) gleder meg til fortsettelsen!

    SvarSlett